Stillingsbeskrivelse:
Siste jobbinformasjon fra Voss herad for stillingen som PP-rådgjevar vikariat. If the PP-rådgjevar vikariat ledige stillingen i Norge matcher dine kvalifikasjoner, vennligst send din oppdaterte søknad eller CV direkte via Jobkos-portalen.
Vær oppmerksom på at det ikke alltid er enkelt å søke jobb, da kandidater må oppfylle visse krav satt av selskapet. Vi håper karrieremuligheten hos Voss herad for stillingen som PP-rådgjevar vikariat nedenfor passer for deg.
Om arbeidsstaden
Me har to x 100% stilling, svangerskapsvikariat, som pedagogisk-psykologisk rådgjevar i barnehage frå 1.august 2026 – 1.juli 2027.
PPT er ei avdeling i Barne- og familietenestene i kommunalavdeling Oppvekst. Kommunalavdelinga har ansvar for grunnskular, barnehagar, integrering og vaksenopplæring, barnevern, helsestasjon- og skulehelsetenesta, psykologtenesta og PPT i Voss herad. PPT Voss dekkjer kommunane Eidfjord og Voss. Tenestestad er Voss. Arbeid i begge kommunane må påreknast. PPT Voss har eit stort og breitt fagmiljø med rådgjevarstillingar, psykolog, spesialpedagogar, logopedar og merkantile støttefunksjonar. PP- tenesta har kontor i Knutepunktet der me er samlokalisert med fleire andre hjelpetenester.
Rådgjeving, førebygging og tidleg innsats står sentralt i tenesteoppgåvene, i tillegg til ivaretaking av rolla som sakkunnig instans. Stillingsinnhaldet kan bli endra som følgje av ny organisering.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og sakkunnig arbeid
- Rettleiing/rådgjeving til føresette, barnehage/skule og andre samarbeidspartnarar
- Systemretta arbeid
- Deltaking i organisasjons- og kompetanseutvikling
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
- Høgskule eller universitetsutdanning innanfor områda spesialpedagogikk/pedagogikk/psykologi
- God kunnskap/erfaring med både det allmennpedagogiske og det spesialpedagogiske arbeidet i barnehage/skule
- God digital kompetanse
- God norskspåklege kommunikasjonsferdigheiter
- Det er eit krav om at den som vert tilsett har sertifikat klasse B. PPT disponerer bilar til bruk i tenesta
Ynskjeleg Med
- Ynskje om kunnskap/erfaring frå arbeid med menneskje med nedsett funksjonsevne
- Ynskje om kompetanse på åtferdsutfordringar/autismespekterforstyrringar
- Ynskje om kompetanse på foreldrerettleiing/rådgjeving
- Godkjent politiattest vert å leggje fram før tiltreding av stillinga
- Utdanning frå utlandet må vere godkjent frå NOKUT
Me tilbyr
- gode vilkår for fagleg utvikling
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter kommunalt avtaleverk og elles tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Søknad
Me ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gje eit bilete av folkesetnaden generelt. Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller kulturell bakgrunn.
Etter søknadsfristen vert det sett opp ei offentleg søkjarliste som inneheld namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. I fylgje offentlegheitslovene 25 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verta offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom førespurnaden ikkje vert teken til fylgje.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
#J-18808-Ljbffr
Jobbinformasjon:
- Selskap: Voss herad
- Stilling: PP-rådgjevar vikariat
- Arbeidssted: Norge
- Land: NO
Slik sender du inn en søknad:
Etter å ha lest og forstått kriteriene og minimumskravene som er forklart i jobbinformasjonen PP-rådgjevar vikariat at the office Norge ovenfor, vennligst ferdigstill søknadsdokumentene dine som søknadsbrev, CV, kopi av vitnemål og andre vedlegg. Send inn via 'Neste side'-lenken nedenfor.
Neste side »